Informasjon

Velkomen til samling i nettverket «Møteplass for tradisjonshandverk» på Leirhol i Vang!

Vi er så heldige å få kome til Jon og Sigrun, som opnar dørene og fortel om gardens rike historie. På Leirhol møtest fortid og notid i eit levande kulturlandskap med røter langt attende i tid.

Garden er ein av dei eldste i bygda og rommar mellom anna gravhaugar frå bronsealder og tidleg jarnalder. Mange kjenner staden først og fremst for Riddarstøga frå 1100–1200-talet, som framleis står i god stand. I tillegg har eigarane sett i stand delar av ein husmannsplass, og arbeidet held fram med restaurering av bygningar.

Jon har også bygd opp eit rikhaldig gardsmuseum med gjenstandar og forteljingar frå eit nærare historisk landskap – frå ei tid mange av oss kjenner seg att i.

Jon vil vise oss rundt på garden og dele av kunnskapen sin. Det blir høve til fagleg påfyll, samtale og sosialt samvær.

Vi håpar mange har lyst og høve til å bli med!

Tur til Leirhol Nettverket «Møteplass for tradisjonshandverk»

  • Kategori

    Vandring

  • Hvor

    Valdresmusea (sjå stad i teksten)

  • Dato

    Tir. 30. jun kl 18:00

Booking