Informasjon

I 2026 er det 125 år sidan framsynte menneske stifta Valdres Folkemuseum på Fagernes. I 125 år har museet bidratt til identitet, samhald og stoltheit over lokale kulturtradisjonar. 

Valdres Folkemuseum vart stifta i rusen av den nasjonale bløminga, men museet har gjort meir enn å dyrke historien og forfedrane. Aller mest har museet bidrege til fellesskap og tilhøyr, utvikling av ny kunnskap og vidareføring av levande kulturtradisjonar.

Det skal museet halde fram med. Opplyste borgarar er dessutan ein føresetnad for eit velfungerande demokrati – og for samfunnets helse. I 2022 mottok museet prisen Årets museum nettopp for arbeidet med mangfald, inkludering og demokratibygging.

Til ære for Magny og Rolf

  • Kategori

    Foredrag

  • Hvor

    Valdres Folkemuseum

  • Dato

    Tor. 21. mai kl 19:00

Booking

Rolf Karlberg (1931-2014) var utdanna arkitekt og direktør for Valdres Folkemuseum frå 1984 til 1996. Magny Karlberg (f. 1942) var direktør for Bunad- og folkedraktrådet / Norsk institutt for bunad og folkedrakt frå 1980 til 2006. I høve Valdres Folkemuseum sitt 125-årsjubileum arrangerer vi ein kveld til ære for Magny og Rolf og arbeidet deira her på museet.

Ole Aastad Bråten, direktør for Valdresmusea, fortel om Rolf og vyene hans for museet og lokal arkitektur.

Camilla Rossing, leiar for institutt for bunad og folkedrakt, forteller om Magny si innsats for bunadsfeltet.