Informasjon

Eiliv Odde Hauge (1913–1971) var forfattar og dramaturg - og museumsbestyrar ved Valdres Folkemuseum frå 1959 til 1964. Med sitt store nettverk og sterke engasjement gav han turistverksemda ved museet eit kraftig løft i si tid som leiar. Samstundes var han ein omstridd person. Kven var han eigentleg, kva fekk han utretta – og korleis vart han møtt av lokalsamfunnet? I samband med Valdres Folkemuseum sitt 125-årsjubileum inviterer vi til ein kveld tileigna Hauge og arbeidet hans i Valdres.

Lokalhistorikar Harald Hvattum vil fortelje om Eiliv Odde Hauge, livsverket hans og tida han verka i. Tidlegare museumsvertinne Inger Noraker Raagholt deler sine eigne minne og erfaringar frå museet tidleg på 1960-talet.

Til ære for Eiliv Odde Hauge

  • Kategori

    Foredrag

  • Hvor

    Valdres Folkemuseum

  • Dato

    Tor. 11. jun kl 19:00

Booking

Vi viser òg to filmar:
1) Filmen om Valdres-kunstnarar som Hauge fekk laga i samarbeid med Postsparebanken (Norges Postmuseum).
2) Filmen frå Valdres Folkemuseum sitt 60-årsjubileum, med kong Olav som heidersgjest, filma av Alf Sagbråten.