Informasjon

I april arrangerer Valdresmusea murarkurs for å vedlikehalde natursteinsmuren langs kongevegen gjennom Aurdalsbyen.

Torsdagskvelden inviterer vi til foredrag; først ved murarinstruktørane Knut Andreassen og Hans Magne Lunde, deretter med Katharina Sparstad som har jobba mykje med kulturminne i Valdres, og kjenner kongevegen godt. Til slutt blir det foredrag ved Cathrine Thorstensen, som er arkeolog ved Norsk Vegmuseum og har jobba mykje med gamle ferdselsårer i Noreg. Ho vil gjennom dette foredraget dela ein del av sine erfaringar ved istandsetjing av nokre av desse.     

Foredraga er ope for alle. Velkomen!

STAD: Frydenlund skysstasjon i Aurdal
ARR: Valdresmusea og Frydenlund
Vi serverer kaffi og biteti.

Velkomen!

Kongevegen og vedlikehaldet

  • Kategori

    Foredrag

  • Hvor

    Valdresmusea (sjå stad i teksten)

  • Dato

    Tor. 16. apr kl 19:00

Booking

Fakta om Frydenlund
Skysstasjon bygd fyrste gong i 1801. Hovudhuset vart lagt tett inntil den nybygde kongevegen. Aurdalsbyen var lenge det administrative senteret i Valdres. Dette førde med seg ei veksande handelsnæring og behov for gode vegar.

Frydenlund vart ein mykje besøkt turiststad på 1800-talet, og har både vore landhandel, postopneri, telegraf, skysstasjon og hotell.

Dagens bygning vart bygd ikring 1860 og har framleis sveitserpreget det fekk ved ombygginga ikring år 1900. Huset har selskapslokale og to utstillingsrom; ei Hamsun-utstilling og ei skuleutstilling.