Informasjon

Torsdag 29. november kjem arkeolog og forfatter Jan Ingar Thon for å halde foredrag om jakten på Snartemosverdet.

Snartemosverdet et eitt av Noregs flottaste gravfunn. Det vart funne i ei germansk høvdinggrav i 1933. Sverdet var dekorert med norrøne guder og monstre, og sammen med sverdet lå et vevet bånd dekorert med hakekors. Dette vart lagt merke til utanfor Noregs grenser – ikkje minst i Tyskland.

Kort tid etter den tyske invasjonen i 1940 dukka ein av dei fremste naziarkeologane, SS-offiseren Herbert Jankuhn, opp i Oldsaksamlinga. Han informerte om at norsk arkeologi no stod under SS’ «vern». Det vart snart klart kva dette «vernet» innebar. For då fekk Oldsaksamlinga eit brev. Det kom frå Kyrkje- og undervisningsdepartementet i okkupasjonsregjeringa. Departementet bad Oldsaksamlinga om å utlevere ein gjenstand «for eit bestemt føremål». Nemleg SS-førar Heinrich Himmlers nært føreståande Noregsbesøk. Dette verdifulle nasjonale klenodiet vart imidlertid flytta til eit hvelv under det ordinære bankhvelvet til sparebanken på Fagernes...

Jakten på Snartemosverdet

  • Kategori

    Foredrag

  • Hvor

    Valdres Folkemuseum

  • Dato

    Tor. 27. nov kl 19:00

Booking

Om foredragshaldaren
Jan Ingar Thon (f. 1968) er arkeolog, journalist og forfattar. Han har ein forkjærleik for å grave i ting – enten det gjeld gløymde sivilisasjonar, historiske løyndomar eller moderne kriminalsaker. I 2023 gav han ut boka Ein farleg mann. Om bygdesladder, venskap og drap i Indre Austfold.

Det er moglegheit for å kjøpe den nye boka.
Kafeen er open i forkant av foredraget.