Informasjon

Laurdag 14. mars lanserer vi boka "Valdres i eldre tid - Jern, kyrkje og makt".

Sjå fram til fordrag, forfattarsamtale, boksal og kake. Boka er finansiert med gåvemidlar frå Stiftelsen Aunebu kunstsenter. Utgjevar er Museumsforlaget i samarbeid med Valdresmusea. 
"Valdres i eldre tid" er resultatet av eit seminar som vart gjennomført på Valdres Folkemuseum i 2023. Bakgrunnen var markeringa av kristninga i Valdres, som ifølgje Snorre skjedde i 1023. Til seminaret hadde Valdresmusea invitert sju av dei fremste forskarane i landet til foredrag om ei rekke ulike emne. No har seminaret vorte bok! 
Velkomen til bokslepp på museet. 

Boklansering "Valdres i eldre tid - Jern, kyrkje og makt"

  • Kategori

    Foredrag

  • Hvor

    Valdres Folkemuseum

  • Dato

    Lør. 14. mar kl 13:00

Booking

Om boka
Gjennom eit spekter av ulike forskingsmetodar utforskar boka Valdres si historie i eldre tid. Forfattarane skildrar møtet mellom heidendom og kristendom, norrøn herskarmakt og kristent sakralkongedøme, forhistorisk tid og historisk tid. Boka er rikt illustrert.

I tillegg til at boka skildrar møtet mellom heidendom og kristendom, norrøn herskarmakt og kristent sakralkongedøme, forhistorisk tid og historisk tid, kan òg eit anna møte skimast: møtet mellom tradisjonell arkeologi og moderne teknologi.

Utgivinga har bidrag frå Bjørn Bandlien, Jan Brendalsmo, Nina Hildre, Jan Henning Larsen, Kjetil Loftsgarden, Lars Pilø og Marie Ødegaard. Redaktørar er Ole Aastad Bråten og Thomas Kjær.