Informasjon

Valdresmusea inviterer til krigshistorisk vandring til Gråbeinhølet og Bangsbergatn. Dramatiske hendingar utspann seg der i april 1940. Oppmøte kl. 11.00 ved Solbakken cirka 400 m nord for Fossen kro langs E-16 i Bagn. Vandringa tek to-tre timar

I april 1940 marsjerte tyske soldatar inn i Valdres. I Bagn vart dei slått tilbake fleire gonger. På og rundt garden Bagnsbergatn vart det særleg stor dramatikk. Tyske styrker storma garden og tok 25 sivile til fange. Ikkje lenge etter vart dei nedkjempa av norske soldatar medan dei sivile var sperra inne. Bare ein av dei sivile vart drepen.

Seinare fortsette kampane i nærområda i fleire dagar. Kampane på og rundt garden Bagnsbergatn førde til eit av dei største tapa Tyskland hadde på norsk jord under krigen. Totalt mista over tretti tyske soldatar livet.

Fem hus, med kulehol og krigsminneutstilling; dels ute, dels inne. 

Bagnsbergatn og Gråbeinhølet - Guida vandring

  • Kategori

    Vandring

  • Hvor

    Valdres Folkemuseum

  • Dato

    Lør. 13. jul - Lør. 10. aug

Booking

Det er Sønstebystiftelsen som eig Bagnsbergatn. Med eigarskapen har dei eit ynskje om å sikre anlegget for framtida. I 2022 vart Bagnsbergatn freda av Riksantikvaren. Sønstebystiftelsen samarbeidar med Innlandet fylkeskommune og Valdresmusea om formidling, skjøtsel og vedlikehald av garden.

Per Ivar Stensæter er turleiar. Ta kontakt med han om du har spørsmål om vandringa.