valbard rommar ein av dei rikaste og best bevarte arkeologiske kulturarvane i Arktis og representerer ein internasjonal kulturarv av stor verdi. Bevarte i permafrost har desse materiala høg vitskapleg tyding i verdssamanheng. Øygruppa ber spor etter meir enn 400 år med menneskeleg aktivitet og tilpassing til eit ekstremt miljø – frå dei første europeiske ekspedisjonane og den tidlege industrielle kvalfangsten på 1600–1700-talet, til seinare gruvedrift. Samstundes er Svalbard i dag eit geopolitisk og klimarelatert hotspot, der klimaendringar trugar både natur og kulturminne.
Dette foredraget tek utgangspunkt i nyare forsking på kvalfangargraver på Svalbard, knytt til Europas første store industrielle utnytting av Arktis. Over 900 bevarte kvalfangargraver på øygruppa vitnar om eit hardt og risikofylt arbeidsliv for unge menn rekrutterte frå store delar av Europa, også frå Danmark-Noreg. Desse menneska er ofte fråverande i skriftlege kjelder, men gjennom arkeologiske funn kan liva deira likevel studerast.
Ved hjelp av analysar av skjelett, klede og skadar, samt DNA- og isotopundersøkingar, gjev gravene innsikt i helse, kosthald, opphav og levekår. Funnane syner tydelege spor etter tungt kroppsarbeid, sjukdom og mangelernæring, ofte frå ung alder. Samstundes opnar materialet for nye perspektiv på arbeidsmigrasjon og sosiale tilhøve i Noreg og Europa i tidleg moderne tid. Om vi løfter blikket og ser dette i ein større samanheng, kan vi kanskje spekulere i om ikkje menneske frå innlandsområde som Valdres òg kan ha vore ein del av denne historia?
Foredraget belyser korleis arkeologisk forsking på Svalbard ikkje berre handlar om Arktis, men også om vår felles nære og lokale historie – og kvifor denne kunnskapen hastar å dokumentere i møte med raske klimaendringar.