Informasjon

Undervisingstilbod for 4. og 7. trinn

Menneska i Valdres tok til med utvinning av myrjern for over 1500 år sidan. Jernet frå Valdres var kjent over heile landet. I bytte mot jern fekk ein fisk og salt. Jernutvinninga var særlig stor i mellomalderen. Mange stader held ein på med jernutvinning til tidleg 1800-talet.

Kva er jern? Kven var den fyrste smeden? Kva vart jernet brukt til og kva har utvinninga av jern hatt å seie for folk i Valdres?
«Smi deg ein dings» inviterer skuleelevar til møte med ein ekte smed. Elevane får sjølve prøve hammaren og dei får lære korleis jern blir til.

Aktivitetar på Valdres Folkemuseum         

  • På stølsområdet ser vi etter spor av jern og jernutvinning, i landskapet  
  • I Kvie-tunet går vi på leit etter jern – på dører, reiskap, skåp og køyretøy
  • I Lome-smia formar vi enkle gjenstandar som hekter og spiker 

Har du spørsmål?

Ta kontakt med One Enerud, publikumsansvarleg,
på e-post one.enerud@valdres.museum.no

Opningstider:

https://valdresmusea.no/valdres-folkemuseum-opningstider

Program og meir info:

https://valdresmusea.no/smi-deg-ein-dings

Smi deg ein dings

  • Kategori

    Undervisning

  • Hvor

    Valdres Folkemuseum

  • Dato

    Man. 1. mai - Tor. 11. mai

Booking

SMI DEG EIN DINGS
Undervisingstilbod for 4. og 7. trinn

PÅMELDINGSFRIST: 1. mai

TIL LÆRAREN
Alle grupper som deltek i undervisingstilbodet, skal ha med seg ein vaksen, og det er læraren som har ansvaret for gruppa.
Ved museet ønsker vi å gi dei unge gode opplevingar. Erfaringa vår er at dei som er godt førebudd, dei lærer mest. Snakk med borna før de kjem; kva er eit museum, korleis oppfører ein seg og kva skal skje under besøket? Meld frå i god tid om de har særskilde behov. Vi gler oss til å sjå dykk!
Du vil i neste steg bli bedt om å svare på noen spørsmål.