Informasjon

Me veit at både damer og herrer er glade i å snikre, men kanskje er damene meir tilbakehaldne når det kjem til det å ha trua på eigne ferdigheiter? Dette er ivertfall eit inntrykk me ved Valdresmusea har, etter å ha hatt kurs i tradisjonelle handverkarfag i meir enn eit tiår, og der me ser at langt dei fleste som er med ikkje er damer. Me ynskjer å nå ut til alle, og om det er slik at nokon ikkje blir med på kursa våre fordi dei ikkje har nok tru på at det dei kan er bra nok for å melda seg på, vil me gjerne vera med å bidra i motsett retning. Derfor vil me no arrangera kurs i grunnleggande snikkartekinkkar som rettar seg mot damer. Om kunnskapen blir høgare på det grunnleggande, har me tru på at terskelen blir lågare når det kjem til tradisjonshandverk.

I tillegg til at det blir mogleg å få laga eigne ting, skal det skapast installasjonar og leikeapparat som skal inngå i eit nytt tilbod her på museet, på området ned mot Strandefjorden. Det blir moglegheiter til å bli kjent med både moderne og meir tradisjonelle verktøy undervegs i kurset.

Snikkarglede for damer

  • Kategori

    Kurs

  • Hvor

    Valdres Folkemuseum

  • Dato

    Fre. 28. mar - Søn. 30. mar

Booking

INSTRUKTØR: Handverkar Tone Bråthen

PÅMELDINGSFRIST: 10. mars

Mat, materialar og verktøy er inkludert i prisen. Om du har verktøy du ynskjer å ta med så gjer gjerne det!

Målgruppe: Damer i alle aldrar