Informasjon

FINSTRUKTØRAR: Håvar Aabol, Knut Opheimsbakken og Fredrik Calmeyer

TID: 21. og 22. februar, 9.00 til 15.00

STAD: Valdres Folkemuseum

PRIS: 2000 (standard) materiell er inkludert
Kr 1800 for medlemmer av Verne-Vøla 
Kr 1800 for dei med årskort til Valdresmusea
Kr 1000 for dei under 26 år​ (PS: Ungdomsprisen er sponsa litt ekstra)

PÅMELDINGSFRIST: 10. februar

TA MED: Ta med det du vil ha slipt, økser og knivar, sakser og høvlar. Me har slipeutstyr du kan bruka. Det blir også mogleg å kjøpa litt forskjelleg, både slipestein og bryne.

Det vert servert dugurd båe dagane.

ARRANGØR: Valdresmusea

Med atterhald om endringar

Mer informasjon

Slipekurs 2025

  • Kategori

    Kurs

  • Hvor

    Valdres Folkemuseum

  • Dato

    Fre. 21. feb - Lør. 22. feb

Booking

Kursinnhald
Skal arbeidet bli bra må du ha reidskap som bit. Altfor ofte er det dårleg egg på øksa eller kniven. Slik treng det ikkje å vera.

Tradisjonshandverkar Håvar Aabol er hovudinstruktør og vil læra bort korleis me får det gode bete me er på jakt etter. Håvar held til dagleg på med lafting og anna tradisjonshandverk og er avhengig av at reidskapen er skarp og god.

Instrumentmakar Knut Opheimsbakken vil visa litt av det han kan om sliping, og viser kor viktig godt bet er når han held på med instrumentmaking. Sikling er eit viktig verktøy, og han viser korleis han arbeider med denne slik at han får overflater me tidlegare berre har drøymt om. Han tek også med seg ljåen sin, som han sliper på slipestein, slik dei fleste av oss er kjende med.

Museumsbonde Fredrik Calmeyer kjem innom og vil visa oss korleis han får godt bet i ljåen ved å banka han. Ein teknikk som er lite kjent, men som gjer at enga legg seg som ho skal. Dei som vil kan få prøva seg på dette.
Du vil i neste steg bli bedt om å svare på noen spørsmål.