Informasjon

FAKTA OM KURSET
INSTRUKTØRAR: Handverkar Håvar Aabol, instrumentmakar Knut Opheimsbakken og museumsbonde Fredrik Calmeyer

TID: 10. og 11. februar frå 9.00 til 15.00. Det blir servert lunsj.

STAD: Valdres Folkemuseum

PÅMELDINGSFRIST: 28. desember

PRIS: Under 26 år kr 1.200, vaksen kr 3.000 (rabattpris: 2.300 for medlemmer av Verne-Vøla). Prisen inkluderer materiell. PS: Ungdomsprisen er sponsa litt ekstra.

MÅLGRUPPE: Kurset passar for alle over 13 år, anten du har erfaring eller ikkje.

TA MED: Ta med det du vil ha slipt, økser og knivar, hoggjern og bile. Om du har slipeutstyr du ynskjer å ta med, gjer gjerne det.

Med atterhald om endringar

Slipekurs

  • Kategori

    Kurs

  • Hvor

    Valdres Folkemuseum

  • Dato

    Lør. 10. feb - Søn. 11. feb

Booking

KURSINNHALD
Har du skarpt verktøy går arbeidet som ein leik! Velkommen til helgekurs i sliping av verktøy. Skal arbeidet bli bra må du ha reiskap som bit. Altfor ofte er det dårleg egg på bila, øksa eller kniven. Men dette går det an å gjera noko med. Instruktørar er handverkar Håvar Aabol, instrumentmakar Knut Opheimsbakken og museumsbonde Fredrik Calmeyer. Dei skal visa oss korleis ein egg blir skarp, gjerne med litt forskjelleg tilnærming.

OM INSTRUKTØRANE
Handverkar Håvar Aabol er hovedinstruktør og er med oss heile samlinga. Han vil visa oss korleis eggen skal bita, og det blir god tid til eigentrening.

Instrumentmakar Knut Opheimsbakken kjem innom og vil visa oss korleis me kan setja opp sikling og anna eggverktøy slik at han får overflater me tidlegare berre har drøymt om, og som han sjølv må ha når han lagar og set i stand feler.

Museumsbonde Fredrik Calmeyer syner oss korleis han får bet i ljåen ved å banka han. Ein gamal teknikk som er lite kjent, men som gjer at enga legg seg som ho skal.
Du vil i neste steg bli bedt om å svare på noen spørsmål.