Informasjon

KURSINNHALD

Kurset er særleg for familier med barn/ungdommer i alderen 11-26 år. Men vaksne kan òg melde seg på.

Plantefarging er den eldste kjente fargeteknikken for tekstilar, før dei syntetiske fargestoffa vart utvikla midt på 1800-talet. Vi skal sanke vekstar frå naturen rundt oss som vi kokar fargesuppe til å farge ullgarn med. Frå vårt eige nærmiljø kan vi lage gule, grøne og brune mot raudlege nyanser, og ved hjelp av tørka røter og lus får vi raude og fiolette farger. Plantefarging er ein tidkrevjande prosess som i dag blir rekna som eit handverk der ein kan skape farger i alle nyansar.

Les meir her

Plantefarging av garn

  • Kategori

    Kurs

  • Hvor

    Valdres Folkemuseum

  • Dato

    Tir. 13. aug - Tor. 15. aug

Booking

OM KURSHALDARAREN

Bodil Enger er utdanna innanfor drakt og saum, og har sidan 1997 drive eiga næring med hovudvekt på bunadsaum. Ho starta med plantefarging for over 30 år sidan og vart tidleg fasinert av kva ein kan skape med fargemateriale vi finn rett utanfor døra. Sjølv brukar ho garnet ho fargar til å strikke, veve og brodere med. Er det ei farge ho ikkje får tak i, så lagar ho farga sjølv!