Informasjon

Bli med på kjekke gjeremål og aktivitetar – både ute og inne!  

Folk har klart seg godt på Sunnmøre, sjølv i den kaldaste tida på året. Denne dagen inviterer vi til aktivitetar som får oss trygt gjennom vinteren. 

Lag og smak ferske fiskekaker i Dybhuset, høyr om eventyrlege hendingar frå fiske i sjøbua frå Larsnes. Hjelp båtbyggaren å lage klinkbåt i båtstøa og bli med smeden i smia.

På gardsplassen sagar du strongar og høgg ved saman med oss. Og om kulda bit litt i fingrane kan du varme deg med noko godt ved bålet på Steinalderholmen.

Inne i museet testar du ut den nye rebusen der du skal klare deg ein stormfull dag på Sunnmøre. Februar er også karnevalstid – hos oss blir du feiande flott med ansiktsmåling! Og, sidan det snart er faste, lag fargerike fastelavnsris! 

Vinterferiedag med smak av arbeid!

  • Kategori

    Arrangement

  • Hvor

    Sunnmøre museum

  • Dato

    Ons. 19. feb kl 12:00

Booking