Informasjon

I mellomalderen låg det etter dåtidas målestokk  ein stor by i området der Sunnmøre museum og Middelaldermuseet no held til. I dag er byen vekk. Kva skjedde?

Gjennom to timar på museet får elevane ta del i aktivitet både ute og inne. Oppgåvene lærer dei om livet i byen Borgund, kven innbyggarane var og korleis det kanskje gjekk til at byen forsvann. Vi kan røpe at det kan handle om forhold både over og under bakken.

 I mellomalderen var Borgund den største kyrkjestaden mellom Bergen og Trondheim og naturleg stopp for pilegrimar som reiste sjøvegen mot Nidaros. Elevane legg saman med formidlaren ut på si eiga «pilegrimsvandring» i området rundt museet. Her får dei høyre om ferdsel på sjøen, grunnar til at folk la i veg, og rolla til kyrkja i mellomalderen. Kanskje blir det tid til litt arbeid rundt bålet ?

Inne i utstillinga på museet er arkeologiske funn og døme på dokument som omtalar Borgund vist. Vi fortel og om kva arkeologar, kunsthistorikarar og historikarar har funne ut om kven som budde her. Elevane prøvar seg og på korleis dei få som meistra skrivekunsten i mellomalderen gjorde det, med blekk og fjørpenn.

6.trinn: Mellomalderbyen Borgund

  • Kategori

    Formidling

  • Hvor

    Middelaldermuseet

  • Dato

    Tir. 29. apr - Tor. 15. mai

Booking

Du vil i neste steg bli bedt om å svare på noen spørsmål.