Informasjon

Spelar du torader og kan tenke deg å lære nye slåttar og spisse teknikken? 
15. august vert det kurs på torader med Rannveig Djønne på Romsdalsmuseet i Molde.

Rannveig Djønne er fødd og oppvaksen på Djønno i Hardanger, og det er også her ho bur i dag. Ho blir ofte skildra som ein nyskapande toradarspelar med røter i tradisjonsmusikken frå Hardanger og Voss. Toradaren brukar ho i alt frå kyrkjemusikk til gamaldans og bygdadans, og ho har vore gjest i progrockband m.m.
Undervisning er noko av det Rannveig set aller høgast. Ho har vore instruktør på kurs i inn – og utland, og ho har lang erfaring som lærar i kulturskulen. Utdanninga si i folkemusikk tok ho ved Ole Bull Akademiet på Voss. Ho har gjeve ut ei soloplate, i tillegg til to plater saman med Annlaug Børsheim.
Rannveig gler seg stort til å koma tilbake til Molde. Ho budde der i nokre år medan ho arbeidde på fylkeshuset. Det var i Molde ho fann ut at det faktisk kunne gå an å satsa på å spela toradar, og ho har mange gode minne frå tida i Møre og Romsdal.

Kurs 1, kl. 10-11.30 – for deg som ikkje har spelt så mykje
Kurs 2, kl. 12-15.30 – for deg som er vidarekomande på torader

På kurset vert det nytta G/C-torader

Arrangør: Romsdalsmuseet og Folkemusikkarkivet i Viti

Inspirasjonskurs - torader

  • Kategori

    Arrangement

  • Hvor

    Se under informasjon

  • Dato

    Lør. 15. aug kl 10:00

Booking

Dato: 15. august
Stad: Kyllingstua, Romsdalsmuseet i Molde