Informasjon

Kystverket fyller 50 år, og vi inviterer store og små til aktivitetar og feiring. Veit du eigentleg kva som skjer i ei hamn? Denne dagen kan du oppleve og lære meir om hamna, før og no.

Du kan gjere som fiskarane på 1800-talet som rodde gjennom Brosundet i sunnmørsk tradisjonsbåt. I bankskøyta Storeggen kan du klatre i riggen og heise segl som ein førstereis frå tidleg 1900-tal. Under dekk kan du høyre historier frå dei livsviktige fyra langs kysten. Eller, du kan segle optimistjolle med hjelp frå Ålesund seilforening. Lær deg knutar, repslaging og godt sjømannskap.

Hamna i Noregs største fiskeri-og cruisehamn skal vere trygg og rein for folk, fisk og dyr. Bli med om bord i Ålesund havnevesen sin arbeidsbåt Skansen. I den nye aktivitetsløypa vår,går du på oppdagingsferd i hamna.

Når oppdraget er utført er du sjølv blitt “Hamneinspektør”. 

Inne i sjøbua, Fiskerimuseet, er det spennande utstillingar, papirverkstad og kafe.

Velkomen!

HAMNEFEST

  • Kategori

    Arrangement

  • Hvor

    Fiskerimuseet

  • Dato

    Lør. 31. aug kl 11:00

Booking

Program:

11:00 Helsing til 50-åringen “Kystverket” og opning av festen, på Molja fyr.

11:00 – 16:00 Robåtar, optimistjolle, klatring i rigg og sjømannskap ved Fiskerimuseet. Aktivitetsløypa “Hamneinspektøren, papirverkstad, utstillingar og kafe på Fiskerimuseet. Arbeidsbåten Skansen, på Brunholmen.

12:00 – 12:20 Fyrforteljingunder dekk, bankskøyta Storeggen

14:00 – 14:20 Fyrforteljing under dekk, bankskøyta Storeggen

Arrangementet har fått støtte frå Kystverket og Ålesund havnevesen