Treng du å stoppa ein sokk, reparera nokre plagg eller held du på med eit større
syprosjekt? Bli med på sytreff i det historiske syloftet i den gamle
fabrikken!
Sytreffet passar for både erfarne og nybyrjarar. Ta med
symaskin og det syprosjektet du held på med, så sit me og syr i lag og
lærer av kvarandre. Dersom du ikkje har symaskin kan du låna av museet.
Send ein e-post til agnes.bernes@muho.no dersom du treng å låna symaskin.
Museet stiller med klippebord, strykejern/strykebrett, stoppesopp, stoppegarn, strykelapper og anna sytilbehør.