I samarbeid med Fakultet for Kunst, Musikk og Design (KMD) ved Universitetet i Bergen (UiB) arrangerer Tekstilindustrimuseet (TIM) eit seminar om tekstilindustri, forbruk og berekraft tysdag 23. april 2024. (Re)fashioning the future III vert arrangert i Fashion Revolution Week og er eit fagleg seminar med fleire aktørar innanfor tekstilbransjen.
Fashion Revolution Week er eit årleg arrangement i veka rundt 24. april. Denne datoen er årsdagen for Rana Plaza-kollapsen i 2013. Rana Plaza var ein bygning i Bangladesh som husa ei rekkje tekstilfabrikkar, som sysselsette rundt 5000 menneske. Menneska i denne bygninga produserte klede for mange av dei største globale motemerka. Meir enn 1100 menneske - hovudsakleg unge kvinner - døydde i kollapsen, og ytterlegare 2500 vart skadd, noko som gjer det til den fjerde største industrielle katastrofa i historia.
På programmet har vi mellom anna
Ingrid Cogne, 1.amanuensis ved KMD/UiB og Erik Annerborn, kunstnar/galleridirektør i Stockholm
“Fashion Dumpsite” med Søren Zeuth, fotograf og kunstnar
Eminus, designere og gründere