Informasjon

Sprang er ein samanføyningsteknikk av trådar. Kanskje den eldste samanføyningsteknikken som vi kjennar til i tekstilhistoria. 
Hendene arbeider heile tida med å slynge trådane om kvarandre.

Om kurset
I boka "Sprang, med arbeidsteikngar" (1932) seier Anna Grostøl  "å bregde" for prosessen med å slynge trådane om kvarandre.
 
Kurset vil gi innføring i oppsetting av renning og bruk av z-slynget som er «grunnslynget» i sprang i ein enkel "boge-ramme". Rammen lagar i starten av kurset. Ramma er fin å ta med heim for vidare sjølvstudium.
 
Dersom vi får tid lærer vi oss slynget for hol og bregder Grostøl sin «prøvelapp» (1932).
Z-slyng og hol er grunnteknikken for dei dekorative sprangtekstilane som vi finn igjen som dekorative avslutningar på dukar, gardinar og kykjetekstilar.
 
Z-slynget og hol er òg slynga som er brukt i utstillinga «Stille klang av samspel» som opner i museet 06.juni og står ut sommaren i Solbjørstova.

Kurshaldar
Vigdis Valde (f. 1971) er lærar, formidlar og kunsthandverkar. Ho har arbeida med lokal ull i variable kvalitetar frå dei eldre sauerasane sidan starten på 2000-talet. Det har utvikla seg til ein sentral del av handverket og kunstnarskapet. Ho spinn trådar og utforskar det tett samanvevde og finstemte samspelet i naturen; landskapet og materiala, som eit større "oss". 

Innføring i sprangteknikk

  • Kategori

    Seminar/workshop

  • Hvor

    Osterøy museum

  • Dato

    Man. 29. jun - Tir. 30. jun

Booking