Ein intimkonsertserie med Osterøy spel- og dansarlag i samarbeid med Osterøy museum.
Nemninga “kveldsete” stammar frå eldre tider og vart brukt om tida ein sat oppe frå mørket kom og fram til leggjetid. I dette tidsrommet var det ofte at ein delte musikk og forteljingar med kvarandre. På kveldsetekonsertane til Osterøy spel- og dansarlag møter tilhøyrarane utøvarar frå det lokale folkemusikkmiljøet. Tidsramma er omlag ein times konsert og alt føregår akustisk, tett på publikum.