Informasjon

Kveldsete i Revheimsstova
Ein intimkonsertserie med Osterøy spel- og dansarlag i samarbeid med Osterøy museum.
Nemninga “kveldsete” stammar frå eldre tider og vart brukt om tida ein sat oppe frå mørket kom og fram til leggjetid. I dette tidsrommet var det ofte at ein delte musikk og forteljingar med kvarandre. Osterøy spel- og dansarlag ynskjer å utnytta potensialet som ligg i kveldsetetradisjonen og etablera ein eigen serie med intimkonsertar, der utøvarar frå det lokale folkemusikkmiljøet står for innhaldet i solo- og samspel. Tidsramma vil vera omlag ein times konsert og alt føregår akustisk, tett på publikum.

På konserten vil de få høyra tradisjonsmusikk og tradisjonssong frå Osterøy og området rundt, framført av tre utøvarar som møtest for å framføra kvar sine slåttar og songar. Velkommen til ein stemningsfull time i Revheimsstova!

Lovise Espeland: Kveding
Ingvild Kleiveland Vevle: Hardingfele
Silje Solberg: Hardingfele

Kveldsete – ein intimkonsert

  • Kategori

    Arrangement

  • Hvor

    Osterøy museum

  • Dato

    Tor. 23. apr kl 19:00

Booking