Ullveka 2025
Kurs i veving av
ein minivarafell.
Osterøy museum. 4 oktober
kl. 09.00-16.00
Varafell er ein
stor voven ullfell. Den ser ut som, og har eigenskapane, til ein sauefell. Varafell,
eller roggvarafeldur som den heiter på islandsk, er ei tusen år gammal islandsk
handelsvare. Handel mellom Island og Norge var vanleg på den tiden. Normalt vert
ein varafell voven på ein oppstadvev, eller oppstadgogn, som er den eldste
vevstolen vi kjenner.
I ullveka vert det
eit 7 timars kurs der kursdeltakarane får lære denne spennande flossteknikken
og veve ein minivarafell på bordvev.
Kurshaldar: Monika
Ravnanger, Tekstilhandverkar Osterøy museum
Kursavgift: 1700;
- (Materialer inkludert)
Det blir mogleg å
kjøpa vev, for dei som ønskjer.
Kontaktinfo: monika.ravnanger@muho.no