2. februar er kyndelsmesse. Det er ein av dei eldste festdagane i den kristne kyrkja. Kyndelsmesse markerer slutten på jula. I Noreg har ein mellom anna brukt denne dagen til å spå om vêret resten av året.
DRAUMKVEDET Middelalder-diktet Draumkvedet skildrar Olav Åstesons visjon om endetida, livet etter døden og kampen mellom gode og onde krefter. Han fortel at han sovna julafta, falt i drømmer, vakna først 13. juledag og gjekk til kyrkja kor han fortalte om sine syner.
Silje Solberg - song Hans Knut Sveen - indisk harmonium
Velkomen til ein stemningsfull kveldskonsert i Revheimsstova!
Billettpris: 200.-
Konserten er støtta av Vestland fylke
Vilkår og betingelser
Påmelding er bindande, som hovudregel vil ikkje kjøpte billettar refundert.
Dersom arrangementet blir avlyst vil billettar bli refundert.