Informasjon

Brygging med brake

På laurdagen under brakefestivalen er det råd å melde seg på bryggekurs. Vi skal brygge eit tradisjonelt øl med norsk malt, humle, kveik (den tradisjonelle gjæra) og sjølvsagt brake.

Dette er eit kurs der du får vere med på alt frå reingjering av utstyr, lage brakelog, meisking, koking, kjøling og til slutt tilsetting av kveik. Du kan få med deg kveik heim om du vil prøve på eiga hand.

Kurset passar best for nybyrjarar då ein vil ta føre seg det mest grunnleggande i bryggeprosessen.

Kurset går føre seg utandørs, så kle deg etter veret og bruk gjerne arbeidsklede.

Brygging med brake

  • Kategori

    Seminar/workshop

  • Hvor

    Osterøy museum

  • Dato

    Lør. 5. sep kl 09:00

Booking