Vil du lære å byggje eit røykjeri i din eigen hage, slik at du kan røykje fisk og kjøt til eige bruk? Denne gamle konserveringsmetoden gjer maten haldbar og gir nydeleg smak.
Å lage eit røykjeri er enklare enn ein skulle tru. Ein tek det ein har, og kan få det til utan store kostnader.
Vi lagar røykjeri på enklast mogleg måte ved hjelp av ein gammal vedomn, røyr, slangeklemme og pall/karm. De får vere med å setje dette saman, fyre opp i omnen og henge fisk til røyking. Og sjølvsagt må vi smake når det er ferdig.
Kurshaldar er kokk og bonde Kjersti Linn. Kurset er ein del av Brakefestivalen 2026!
Velkomen på kurs.