Distriktmusikarane frå Vestland Fylkeskommune vil gje deg ei spesiell oppleving, i samarbeid med Lyngheisenteret. Kom til oss og kjenn på freden!
ProgramKl 17.30: Dørene opnar
Kl 18.00: Omvisning i/ved informasjonsbygget; om Lyngheisenteret, den permanente utstillinga vår og den nye ull-utstillinga: "Wool and sheep around the North Atlantic Sea"
Kl 18.30: Mat i Matstova - for dei som ønskjer det. Villsausuppe og sveler
Ca kl. 19 / 19.15: Konsert
Ca. Kl. 20: Slutt
Billetter
Kr 150 for konsert, omvising og utstillingar
(Student kr 100. Husk studentbevis.)
Kvelden startar med ei omvising på informationsbygget. Besøk den permanente utstillinga på Lyngheisenteret og den nye ull-utstillinga: "Wool and sheep around the North Atlantic Sea". Etterpå vert det villsausuppe og sveler i Matstova for dei som vil bestille det.
Vi avrundar kvelden med konsert med distriktsmusikarane Kayleigh Neff (Alver Kommune) og Ingrid Sørheim (Voss Herad). Dei inviterer publikum til noko du kanskje aldri har høyrt før: nemleg eit spanade møte mellom trompet og durspel. Det blir ei variert blanding av norske klassiske kjenningsmelodiar og folkemusikk frå forskjellige land. Kom og høyr på kjekk musikk og lær litt om prosessen med å skapa denne konserten mellom to vidt forskjellige musikarar frå ulike sjangre.
Velkomen!