Bli
med på kurs i fritt broderi med Heidi Bjørnsdotter Torvik. Osterøy museum
På kurset vil du lære ulike sting og korleis ein kan
jobbe med fritt broderi på klær, både som reparasjon og/eller dekor. Du
vil også lære korleis du kan lage bilder. Det blir presentasjon av temaet fritt
broderi eller “å teikne med nål og tråd”. Heidi viser teknikkane ho brukar i eigne
arbeid, og vil m.a.vise korleis du overfører mønster eller idear til eit
tekstil.
Heidi er årets sommarutstillar på Osterøy museum, og ho
vil bruke utstillinga som inspirasjon i kurset. Det vert eit foredrag om hennar virke og
tankar om å arbeide med sting og lapping, og samtalar om bærekraft, reparering og tekstilar/tekstilfiber.
Kurset
passar både for deg som er nybegynnar og for deg som har erfaring frå før. Ta med: Synåler, knappenåler, stoffsaks,
broderigarn i ull/ lin/ bomull og ullgarn i ulike kvaliteter, klær du vil
brodere på og stoffrestar. Du kan også låne utstyr om du ikkje har det
du treng. Det vil også bli mogleg å kjøpe garn, stoffrestar, vlisofix og
broderipapir.
Kurshaldar: Heidi er
faglærer i kunst og håndverk og kunsthåndverker. Ho har lang erfaring i å lære bort, både fra mange år i
grunnskolen og som kurshaldar. Hun er levende oppteken av berekraft og berekraftige
tekstilar spesielt. Sjå utdrag fra hennes Portfolio på nettsidene til Norske kunsthåndverkere https://norskekunsthandverkere.no/users/heidi-bjornsdotter-thorvik og Instagramkonto https://www.instagram.com/heidi_bjornsdotter/. Ho
arbeider etter enkle prinsipp i tre og tekstil. I 2005 starta hun VØLT som
handler om å ta vare på, reparere og utnytte ressurser på best mogeleg måte. Ho
tek utgangspunkt i gamle teknikker og alltid med kjærleik til naturen.
Pris: 1500;-
Spørsmål: solveig.jordal@muho.no
Foto Espen Grønli