Lucia-kveld kl. 16.00-18.30

Denne billetten er gyldig frå kl. 16.00-18.30 grunna smittevern.

Munnbind er påbode om du ikkje sit ved eit bord i kaféen (gjeld for alle over 12 år).

Senk skuldrene og bli med på førjulskveld med juleverkstad, marknad og lussekattar.

Sit ned og nyt nokre rolege ettermiddagstimar med oss. Heimbakte lussekattar, gløgg og julemusikk i kaféen.

På spoleloftet blir det marknad med lokale handverksprodukt frå kl. 16-20.30. Meir informasjon kjem.

I kaféen finn du fleire aktivitetsbord: Lag fine ting til jul - for liten og stor!

Kl. 18.00 blir det omvising i Salhus Tricotagefabrik.Omvising må bookast på førehand, og er gratis for dei med billett.

I museumsbutikken får du 10% rabatt på eigen produkt! (gjeld ikkje varer som er satt ned i pris).

Velkommen til Lucia-kveld med låge skuldre!

Pris: 100,- for vaksne, 50,- for barn



Finn frem