SEL: Velkommen til ein konsert med musikk i horisonten!
Duoen Himmelleite, med Vemund Olav Aukrust frå Lom og Ingrid Lingaas Fossum frå Valdres, har sidan 2022 utforska eit unikt musikalsk landskap der langeleik, song og kraviklyre møter orgel. Hausten 2025 ga dei ut plata «Efterklang fra fjeldreisen», som same året vart nominert til Folkelarmprisen i klassa for samspel.
Under konserten får du høyre folkemusikk frå Gudbrandsdalen og Valdres i ei ny musikalsk drakt, og med eit særleg blikk på musikken frå fjell- og seterliv.
Kvar og når: Laurdag 25. juli klokka 15.00 på Øygarden på Sel
Pris: 395 kroner
Klokka 14.00 er foredrag med tidlegare generalsekretær i Fortidsminneforeningen, Ola H. Fjeldheim. Også det på Øygarden. Sjå eige oppslag.
Velkommen!
Arrangørar: Gudbrandsdalsmusea, Fortidsminneforeininga i Norddalen og Øygarden kulturgard.